PALIMPSEST
Diskurs som overflate, infrastruktur som nerver
Ein materialistisk kritikk av Edward Said sitt Orientalism
Figur 12. Typografisk komposisjon av dei siste linjene i Tibaq: «Om eg døyr før deg / Gjev eg deg det umoglege i arv / Eg spurde: Er det umoglege langt unna? / Han svara: Ein generasjon unna.» Darwish sitt testamente til Said — og til oss. Kjelde: Eige illustrasjon.
Figur 1. Det ferdige verket i tre visningar. Venstre: nærbilete gjennom prismefolien, der ljosbrytinga fragmenterer kalligrafien i spektralfargar. Øvst høgre: verket hengt opp, sett med dagslys bakfrå. Nedst høgre: verket belyst framanfrå, der kalligrafien trer tydelegare fram mot den industrielle overflata. Kjelde: Eige fotografi.
SAMANDRAG
Denne artikkelen utforskar spenninga mellom diskursanalyse og materialistisk kritikk gjennom eit kunstnarisk prosjekt: ein palimpsest beståande av Mahmoud Darwish sitt dikt Tibaq (2003) inskribert på industriell prismefolie frå ein demontert LCD-skjerm. Med utgangspunkt i kritikken frå Aijaz Ahmad (1992), Vivek Chibber (2018; 2020) og Michael Parenti (1995), argumenterer teksten for at Edward Saids Orientalism (1978) inneheld ein fundamental motseiing mellom eit materialistisk argument — orientalismen som konsekvens av kolonialismen — og eit idealistisk argument — orientalismen som årsak til kolonialismen. Artikkelen demonstrerer at det andre argumentet ikkje kan forklare imperialismens historiske mønster: statar intervenerer der materielle interesser er truga, ikkje der orientalistisk diskurs er mest intens. Gjennom ei utvida lesing av Darwish sin elegi til Said, visar artikkelen korleis poeten implisitt korrigerer Said sine teoretiske inkonsistensar. Omgrepet «oksidentalisme» tener som empirisk motprøve: forvrengde vestlege representasjonar har ikkje produsert oksidentalistisk imperialisme, noko som indikerer at makt følgjer materielle strukturar, ikkje diskurs. Verket visualiserer denne kritikken ved å la infrastrukturen (prismefolien) fragmentere diskursen (poesien).
Keywords: orientalisme, materialisme, imperialisme, palimpsest, Edward Said, Mahmoud Darwish, kontrapunkt
1 INNLEIING: EIT PALIMPSEST SOM ARGUMENT
V
erket som følgjer denne artikkelen er ein materiell palimpsest, men ikkje av pergament. Overflata er ei optisk prismeplate, henta ut av ein demontert LCD-skjerm, sjølve den fysiske komponenten som har som oppgåve å spreie og homogenisere lyset i våre digitale representasjonsmaskiner. På denne industrielle plastfolien, ripete og merka av bruk, er Mahmoud Darwish sitt dikt Tibaq (2003) skrive for hand med svart tusj. Skrifta flyt over dei mikroskopiske rillene som vanlegvis styrer lyset mot auga våre. Her er det ingen simulert «kald cyan» infrastruktur som ligg under; infrastrukturen er sjølve mediet. Det er søppel frå informasjonssamfunnet, gjenbrukt som bæraranordning for poesi.
Oppgåva spør etter eit «oksidentaliserande» uttrykk, korleis det ville sett ut om rollene var reverserte, om «Østen» konstruerte eit forenkla bilete av «Vesten». Men for å svare på dette spørsmålet må me fyrst undersøkje premissen det kviler på: Edward Said sin teori om orientalisme, og dei grunnleggjande problema med denne teorien som eit rammeverk for å forstå makt og dominans.
Dette notatet argumenterer for at Said sitt verk, trass sin enorme innverknad, kviler på ein djup indre motseiing som undergrev dets eige kritiske potensial. Ved å lokalisere makt i diskurs og representasjon heller enn i materielle strukturar, endar Said opp med å tilby ein kulturkritikk som fungerer som avleiingsmanøver frå dei faktiske mekanismane for imperialisme. Verket mitt forsøkjer å visualisere denne kritikken gjennom palimpsesten si doble lesing: det vakre kulturelle laget og det brutale infrastrukturelle laget, eksisterande side om side utan å påverke kvarandre.
Denne analysen byggjer på ein rik tradisjon av materialistisk kritikk, frå Aijaz Ahmad sin omfattande gjennomgang i In Theory (1992) til Vivek Chibber sin nyare «Orientalism and Its Afterlives» (2020). Men den hentar også innsikter frå Michael Parenti sin Against Empire (1995), eit verk som tilbyr ein presis definisjon av kva imperialisme faktisk er, og dermed eit kriterium for å vurdere om Said sitt rammeverk fangar dei vesentlege eigenskapane ved fenomenet det påstår å analysere.
Samstundes dreg denne analysen på nyare spekulativ filosofi, særleg Armen Avanessian og Andreas Töpfer (2014) sitt arbeid med Speculative Drawing og den breie accelerationist-tradisjonen dokumentert i #Accelerate: The Accelerationist Reader (Mackay & Avanessian, 2014). Avanessian og Anke Hennig (2015) si utforsking av tid og poetikk i Present Tense: A Poetics tilbyr teoretiske reiskapar for å forstå korleis kritisk praksis kan produsere, ikkje berre representere, verkelegheit.

Figur 2. Representasjonsmaskinene si utvikling: frå bok til smarttelefon. Mediet endrar seg, men den strukturelle relasjonen mellom betraktar og representasjon forblir den same. Kjelde: Eige illustrasjon.
2 VERKET: MATERIALITET OG KONSTRUKSJON

Figur 1. Det ferdige verket i tre visningar. Venstre: nærbilete gjennom prismefolien, der ljosbrytinga fragmenterer kalligrafien i spektralfargar. Øvst høgre: verket hengt opp, sett med dagslys bakfrå. Nedst høgre: verket belyst framanfrå, der kalligrafien trer tydelegare fram mot den industrielle overflata. Kjelde: Eige fotografi.
Palimpsesten er konstruert av tre hovudlag (sjå Figur 4). Det nedste laget er ei MDF-bakplate som gjev strukturell stabilitet. Over denne ligg papirlaget med Darwish sin tekst, handskriven i svart tusj. Det øvste laget er prismefolien, henta frå ein demontert LCD-skjerm — den optiske komponenten som i sin opphavlege funksjon spreier og homogeniserer bakgrunnsbelysning til ein jamn lysflate.
Prismefolien er ikkje eit nøytralt medium. Dei mikroskopiske rillene i overflata bryt lyset i spektralfargar når det passerer gjennom (sjå Figur 3). Denne optiske eigenskapen, designa for industriell effektivitet, blir i verket ein visuell metafor for forholdet mellom diskurs og infrastruktur: kalligrafien (diskursen) vert fragmentert og forvrengd av dei materielle strukturane han er inskribert på. Materialet ber sine eigne spor — folien er ripete og sliten frå si tidlegare tenestegjering inne i ein skjerm, merke av bruk som ingen var meint å sjå. Desse ripene er like mykje ein del av verket som den kalligraferte teksten.
Valet av materiale er sjølve argumentet: i staden for å skrive på pergament eller papir i ei orientaliserande imitering av islamsk bokkunst, er teksten lagt på det industrielle avfallet frå vestleg bildeproduksjon. Verket nektar nostalgi og insisterer på det samtidige. Det er søppel gjenbrukt som bærar for poesi — og nettopp denne spenninga mellom det poetiske innhaldet og det infrastrukturelle mediet utgjer palimpsesten si doble lesing.

Figur 3. Den optiske effekten som teoretisk modell. Utan prismefolie: uforstyrra kulturell representasjon (idealistisk diskurs). Gjennom prismefolien: diskursen fragmentert av materielle strukturar (materialistisk røyndom). Kjelde: Eige illustrasjon.

Figur 4. Samansetjinga av palimpsesten i eksplodert visning. Dei tre laga — prismefolie (frå LCD-skjerm), kalligrafi på papir, og MDF-bakplate — utgjer ein materiell heilskap der kvart lag har sin eigen funksjon og symbolikk. Kjelde: Eige illustrasjon.
3 SAID SIN DOBLE TESE: EIN INDRE MOTSEIING
Edward Said sitt Orientalism (1978) har hatt ein nærast uovertruffen innverknad på humaniora og samfunnsvitskap dei siste femti åra. Boka argumenterer for at Vesten har konstruert eit systematisk forvrengt bilete av «Orienten» som eksotisk, irrasjonell, feminin og tilbakeståande, eit bilete som har tent til å rettferdiggjere kolonial dominans. Said (1978, s. 5) skriv i innleiinga:
The relationship between Occident and Orient is a relationship of power, of domination, of varying degrees of a complex hegemony.
Men som Vivek Chibber har vist i sin analyse av verkets doble arv, inneheld Orientalism to fundamentalt ulike argument som står i spenning med kvarandre (Chibber, 2020). Å forstå denne spenninga er avgjerande for å vurdere verkets teoretiske haldbarheit.
Det fyrste argumentet er materialistisk i sin grunnstruktur: orientalistisk diskurs oppstod som ein konsekvens av kolonialismen. Kolonimaktene trong ideologisk rettferdiggjering for si dominans, og orientalismen leverte denne rettferdiggjeringa. Her er forholdet mellom makt og kunnskap klart: materielle interesser skapar sin legitimerande ideologi. Chibber (2020) forklarer:
Said’s argument here is a fairly traditional, materialist explanation for how and why Orientalist ideology came to occupy such a prominent place in European culture in the modern period. Just as any system of domination creates an ideological discourse to justify and naturalize its superordinate position, so too colonialism created a legitimizing discourse of its own.
Dette argumentet er, som Chibber påpeikar, konvensjonelt og velkjent. Det plasserer Said trygt innanfor den marxistiske tradisjonen der ideologi forståst som overbygning over ein materiell basis.
Det andre argumentet inverterer dette forholdet fullstendig. Her blir orientalismen ikkje berre ein konsekvens av kolonialismen, men ein årsak til han. Said introduserer omgrepet «latent orientalisme» for å beskrive ei djuptliggande vestleg haldning til Østen som eksisterer nærast uavhengig av spesifikke historiske omstende. Denne latente orientalismen, hevdar Said, er så djupt forankra i vestleg kultur, frå Aiskhylos til Nixon, at den i seg sjølv genererer kolonial aggresjon. Chibber (2020, med sitat frå Said, 1978, s. 207) siterer Said:
Latent Orientalism came packaged as a ‘will to power’ … Hence the obsessive accumulation of facts, Said suggests, ‘made Orientalism fatally tend towards the systematic accumulation of human beings and territories.’
Her er forholdet mellom diskurs og makt invertert: i staden for at eit system av dominans skapar sin legitimerande ideologi, er det ideologien som genererer dominansen. Said (1978) formulerer det slik:
Orientalism is not really a thoroughly modern phenomenon … but is the natural product of an ancient and almost irresistible European bent of mind to misrepresent the realities of other cultures.

Figur 5. Said sin metode (venstre): tekstar og økonomiske fakta som separate domene. Den materialistiske kritikken (høgre): korleis nonsens vert transformert til tesar gjennom akademia, legitimert av imperialistisk vald. Kjelde: Eige illustrasjon.
4 DEN TIDLEGE KRITIKKEN: AL-AZM OG AHMAD
Sadik Jalal al-Azm identifiserte denne motseiinga allereie i 1981, berre tre år etter at Orientalism vart publisert. I sin skarpe kritikk i tidsskriftet Khamsin påpeikte al-Azm at om orientalismen er ein djuptliggande del av det vestlege kognitive apparatet, slik Said sitt andre argument hevdar, korleis kan då nokon vestleg forfattar, inkludert Said sjølv, nokon gong unnslippe han? Al-Azm (2000, s. 220) observerte at Said si eiga formulering — at orientalismen er «the natural product of an ancient and almost irresistible European bent of mind to misrepresent the realities of other cultures» (Said, 1978, s. 204) — førte til ein sjølvmotseiande konklusjon.
Aijaz Ahmad tok opp same tråden i sin omfattande kritikk frå 1992. I kapittelet «Orientalism and After» i In Theory spekulerte Ahmad i at Said sitt andre argument kanskje kunne tilskrivast innverknaden frå Michel Foucault, men han stilte spørsmål ved om Foucault sjølv ville støtta ideen om ein påstått kontinuitet i vestleg diskurs frå Homer til Richard Nixon. Ahmad (2000, s. 285) skreiv:
Said’s focus on text ‘facilitates a reading of history not from the basis of material production, but from its systems of representations.’
Dette er eit avgjerande punkt. Ahmad identifiserer det sentrale problemet med Said sitt prosjekt: ved å fokusere på tekst og representasjon, mister ein dei materielle produksjonsforholda av syne. Analysen blir ahistorisk fordi den ikkje kan forklare kvifor orientalismen oppstod på eit spesifikt historisk tidspunkt, under spesifikke materielle vilkår.
Ahmad (1992, s. 184) reiste to sentrale innvendingar mot Said sitt andre argument. For det fyrste syntest Said å ta det orientalistiske tankemønsteret for å vera så gjennomgripande i omfang og så mektig i innverknad at moglegheita for å unnslippe det verka ekstremt fjern. For det andre, ved å forkaste den tradisjonelle marxistiske vektlegginga av kolonialismen sin materielle basis, gjorde Said det umogleg å identifisere dei konkrete interessene som driv imperialismen.
Ahmad (1992, s. 221) påpeikte også at Said sine selektive lesingar førte til at sjølv radikale kritikarar av imperialismen vart assimilerte inn i den orientalistiske tradisjonen. Marx, til dømes, blir av Said framstilt som ein orientalist, trass i at Marx sin kritikk av det britiske imperiet i India var grunnleggjande materialistisk og ikkje kvilte på nokon påstand om «orientalsk» essens.
5 KVA IMPERIALISME FAKTISK ER: PARENTI SIN DEFINISJON
For å forstå kvifor Said sitt andre argument er så problematisk, må me fyrst klargjere kva imperialisme faktisk inneber. Michael Parenti (1995, s. 1) tilbyr ein presis definisjon i opninga av Against Empire:
By ‘imperialism’ I mean the process whereby the dominant politico-economic interests of one nation expropriate for their own enrichment the land, labor, raw materials, and markets of another people.
Denne definisjonen er avgjerande fordi han lokaliserer imperialismen i materielle prosessar, ikkje i representasjonar eller diskursar. Imperialisme handlar om ekspropriasjon av land, utbytting av arbeidskraft, utvinning av råvarer og kontroll over marknader. Desse prosessane kan sjølvsagt legitimerast gjennom ideologiar, inkludert orientalistiske, men ideologiane er ikkje det som driv dei.
Parenti (1995, s. 15) gjer eit vesentleg poeng om forholdet mellom kapitalisme og imperialisme som direkte utfordrar Said sitt rammeverk:
Whether imperialism is necessary for capitalism is really not the question. Many things that are not absolutely necessary are still highly desirable, therefore strongly preferred and vigorously pursued.
Det er ikkje slik at kapitalistar fyrst trur orientalistiske ting om andre folk, og deretter utbyttar dei. Det er omvendt: dei utbyttar fordi det er profitabelt, og orientalismen fungerer som ideologisk stønad for denne utbyttinga. Parenti (1995, s. 7) dokumenterer korleis denne dynamikken har fungert historisk:
By 1850, India’s debt had grown to £53 million. From 1850 to 1900, its per capita income dropped by almost two-thirds. The massive poverty we associate with India was not that country’s original historical condition. British imperialism did two things: first, it ended India’s development, then it forcibly underdeveloped that country.
Desse tala, denne konkrete dokumentasjonen av utbytting, er det som forklarer imperialismen. Ikkje tekstar om India sin påståtte «orientalske» karakter, men gjeldsmekanismar, tvangseksport og systematisk underutvikling.

Figur 6. Den koloniale relasjonen: imperiet som subjekt, kolonien som objekt. Diskursen skjuler røynda: «vi studerer maska, dei tek oljen.» Kjelde: Eige illustrasjon.
6 DEN EMPIRISKE TESTEN: KVAR INTERVENERER IMPERIET?
Parenti (1995, s. 43) tilbyr ein enkel men avgjerande empirisk test for å vurdere kva som faktisk driv imperialistisk intervensjon:
Interventionist forces do not go where capital exists as such; they go where capital is threatened. They have not intervened in affluent Switzerland, for instance, because capitalism in that country is relatively secure and unchallenged.
Om Said sitt andre argument er korrekt, burde orienteringa av intervensjonar følgje intensiteten i orientalistiske representasjonar. Land som er sterkt «orientaliserte» i vestleg diskurs burde vera meir utsette for intervensjon enn land som ikkje er det. Men det er ikkje det me observerer.
USA intervenerer der det finst strategiske ressursar, der det finst trugsmål mot kapitalinteresser, der det finst geopolitiske mål. Dei intervenerer ikkje i land som manglar slike interesser, uansett kor «orientalistisk» diskursen om desse landa måtte vera. Omvendt intervenerer dei villig i land som knapt figurerer i orientalistisk diskurs, så lenge dei materielle interessene er til stades.
Parenti (1995, s. 9) dokumenterer dette mønsteret. Dei faktiske mekanismane for imperialisme — gjeldsmekanismar, handelsavtalar, sanksjonar, militærbasar, etterretningsoperasjonar, støtte til kompradorklassar — krev ikkje orientalistiske representasjonar for å fungere. Dei opererer like effektivt i Latin-Amerika som i Midtøsten, like effektivt mot kristne som mot muslimar, like effektivt mot «Vesten» sine eigne arbeidsklassar som mot folk i det globale sør.

Figur 7. Orientalisme som diskurs, frå simulering til imitasjon: den skjulte røyndomen (basis) er påtatt. Kjelde: Eige illustrasjon.
7 CHOMSKY MOT FOUCAULT: EMPIRISME MOT DISKURSTEORI
Den teoretiske konflikten mellom materialistisk analyse og diskursteori vart dramatisk iscenesett i den berømte debatten mellom Noam Chomsky og Michel Foucault i 1971. Said var, etter eige utsegn, påverka av «to polaritetar», Foucault på den eine sida og Chomsky på den andre (Ahmad, 1992, s. 165).
Chomsky sitt standpunkt var klart: makt må analyserast empirisk, gjennom dokumentasjon av faktiske handlingar, institusjonar og interesser. Foucault, derimot, insisterte på at makt opererer gjennom diskursive formasjonar. I debatten uttrykte Foucault ein posisjon som nærast kollapsar i nihilisme når det gjeld spørsmålet om rettferd (Chomsky & Foucault, 2006).
Chomsky si innvending var skarp. I eit seinare intervju oppsummerte han problemet med den poststrukturalistiske tilnærminga. Chomsky (2011) skreiv:
When [Foucault’s ideas are] decoded, they say nothing. Strip away the jargon: ‘power circulates,’ ‘knowledge is implicated in domination.’ Either truisms or mystification.
Problemet er ikkje at Foucault tek feil i at makt opererer gjennom diskurs. Makt gjer det. Problemet er at ved å gjere diskurs til det sentrale analyseobjektet, risikerer ein å miste dei materielle strukturane av syne. Ein kan analysere orientalistiske tekstar i det uendelege utan å nokon gong konfrontere Pentagon, IMF, Verdsbanken eller oljeselskapa.
Orientalism, særleg i sitt andre argument, heller tydeleg mot Foucault. Fred Halliday observerte, som sitert i Chibber (2020):
While much of the other work was framed in broadly Marxist terms and was a universalist critique, Said, eschewing materialist analysis, sought to apply literary critical methodology and to offer an analysis specific to something called ‘the Orient.’

Figur 8. Den koloniale relasjonen: oksidenten (subjekt) og orienten (objekt). Representasjonen kan tolkast som bedrevitande eller skånsam, men den strukturelle asymmetrien forblir den same. Kjelde: Eige illustrasjon.
8 CHIBBER SIN ANALYSE: DEN DOBLE ARVEN
Vivek Chibber sin artikkel «Orientalism and Its Afterlives» (2020) tilbyr kanskje den mest presise analysen av spenninga i Said sitt verk. Om «latent orientalisme» har eksistert i vestleg kultur sidan Aiskhylos, kvifor venta då europeisk kolonialisme til det syttande og attande hundreåret med å ekspandere globalt?
Chibber (2020) sin analyse presiserer:
If Said were to agree that, even if Orientalism had not been available as an academic discipline, even if latent Orientalism had been absent from the scene, its basic elements could have nonetheless been crafted ex nihilo in order to justify colonial rule, then he would be suggesting that latent Orientalism was not in fact a necessary part of the causal complex that brought about colonialism.
Chibber (2018) påpeikar også den problematiske essensialismen som følgjer av Said sitt andre argument:
If, as Said and others admit, all cultures express wayward and at times racist ideas of the ‘other,’ one needs extra-cultural explanations to uncover why colonialism and imperialism in the modern age were undertaken by European powers.

Figur 9. Det orientalistiske prismet: korleis imperielle interesser konstruerer «Orienten» som skjerm mellom betraktaren og den materielle røyndomen. Kjelde: Eige illustrasjon.
9 DEI MATERIELLE KOSTNADANE: SMITH SIN DOKUMENTASJON
David Michael Smith (2023, s. 8) har i Endless Holocausts dokumentert omfanget av imperialismen i reine menneskelege kostnadar:
The US Empire is maintained by a network of client states that ‘encompass 40 per cent of the world’s countries.’ It is supported by 800 foreign bases, with 200,000 military staff and contractors deployed in 140 countries.
Desse tala representerer ikkje representasjonar. Dei representerer faktiske dødsfall, faktiske basar, faktiske troppar, faktisk infrastruktur for dominans. Parenti (2010) kallar imperialismen sin faktiske karakter:
Empires impoverish whole populations and kill lots and lots of innocent people. This is another thing that empires do which too often goes unmentioned in the historical and political literature.
Desse dødsfalla skjedde ikkje på grunn av orientalistiske representasjonar. Dei skjedde på grunn av materiell ekspansjon, ressursutvinning og geopolitisk kontroll.
10 SAMTIDSIMPERIALISME: FRÅ TEORI TIL RØYND
Medan akademikarar debatterer representasjonar, utfaldar imperialismen seg i sanntid. I januar 2026 kidnappa det amerikanske militæret Venezuelas president Nicolás Maduro i ein operasjon Trump sjølv skildra som utøving av det han kallar «Donroe Doctrine» (ABC News, 2026). Samstundes held Trump fram med å true Danmark med anneksjon av Grønland og opne konfrontasjonar med NATO-allierte.
Desse hendingane illustrerer det materialistiske argumentet med brutal klarheit. Trump snakkar ikkje om kulturelle representasjonar av Venezuela eller Grønland. Han snakkar om olje, mineral og geopolitisk kontroll. Som han sa om Venezuela: «They have the largest oil reserves in the world» (ABC News, 2026). Som Parenti (1995) formulerte det: imperiet forfølgjer ikkje «power for power’s sake», men reelle og enorme materielle interesser.
I Gaza utfaldar den same logikken seg. Trump har føreslått å ta over Gazastripa, tvangsflytte den palestinske befolkninga, og gjere området om til ei «spesiell økonomisk sone». Her blir orientalistisk diskurs om palestinarar sekundær til dei konkrete planane om territorium og kontroll.
11 OKSIDENTALISME: Å SNU SAID PÅ HOVUDET
No kan me vende tilbake til oppgåva sitt spørsmål: korleis ville eit «oksidentaliserande» uttrykk sjå ut? Ian Buruma og Avishai Margalit (2004) har i Occidentalism dokumentert eksakt slike representasjonar. «Vesten» blir i visse ikkje-vestlege diskursar framstilt som kald, sjellaus, materialistisk, åndlaus, mekanisk, dekadent.
Her kjem den avgjerande innsikta frå den materialistiske kritikken: det spelar inga rolle. Om Said sitt rammeverk er korrekt, burde oksidentalisme vera like problematisk som orientalisme. Begge er forvrengde representasjonar som, ifølgje Said sin logikk, skulle produsere maktrelasjonar. Men kvar er det oksidentalistiske imperiet?
Svaret er at makt ikkje følgjer representasjon. Makt følgjer materielle forhold: økonomisk kapasitet, militær styrke, tilgang til ressursar, kontroll over finansielle institusjonar. Oksidentalistiske representasjonar eksisterer i rikeleg mon, men dei har ikkje produsert nokon oksidentalistisk imperialisme fordi dei manglande samfunna har mangla den materielle kapasiteten til å omsette representasjonar i dominans.
Om Chomsky, Ahmad og Parenti sin kritikk er korrekt, er heile rammeverket av representasjonskritikk ein avleiingsmanøver. Oljeleidningane går same vegen uansett kva folk trur om kvarandre. Finansstraumane følgjer sin eigen logikk. Militærbasane ligg der dei ligg på grunn av strategiske kalkulasjonar, ikkje på grunn av kulturelle representasjonar.
12 DARWISH LES SAID MOT SAID: TIBAQ SOM MATERIALISTISK KORREKTIV
Det er ei underleg ironi i at det kanskje mest presise svaret på den indre motseiinga i Said sitt Orientalism ikkje kjem frå ein akademikar, men frå ein poet. Mahmoud Darwish sitt Tibaq (طباق, 2003/2005), skrive som ein elegi til Said kort tid etter hans død, fungerer samstundes som hyllest og som implisitt kritikk.
Avanessian og Töpfer (2014) argumenterer i Speculative Drawing for at teikning og poesi ikkje illustrerer teori; dei er ei form for tenking. Teikningane «provide an occasion to think about thinking — a speculative thinking and writing in concept and through images» (s. 12). På same vis fungerer Darwish sitt dikt ikkje som illustrasjon til Said sin teori, men som ein autonom intellektuell praksis som tenkjer med Said samstundes som det tenkjer mot han.
Kontrapunkt (tibaq, طباق): Retorisk og musikalsk omgrep for å halde fleire stemmer eller narrativ i spenning samstundes, utan å løyse dei opp i syntese.
Said lånte omgrepet frå musikkteori i Culture and Imperialism (1993) for å beskrive ein lesemåte der kolonisator og kolonisert, sentrum og periferi, blir haldne i hovudet samstundes.
Najat Rahman (2007) sin analyse i PMLA visar korleis diktet representerer ei radikal omforming av den arabiske elegien (marthiya). Men det er meir enn ei generisk hyllest. Diktet opererer som ein sofistikert intellektuell intervensjon som korrigerer Said på fleire avgjerande punkt.
I. Identitet som skaparverk: Mot essensialismen
إنَّ الهويةَ بنتُ الولادة
لكنها في النهاية إبداعُ صاحبها
لا وراثة ماضٍ
Identitet er fødselen si dotter, men til slutt er ho skaparverket til eigaren sin, ikkje arv frå fortida.
Dette er ein anti-essensialistisk posisjon som direkte motseier det Chibber (2020) identifiserer som Said sitt «andr argument». Om identitet er noko som blir skapt av individet i møte med materielle og historiske omstende, då kan det ikkje eksistere nokon «latent orientalisme» som er innebygd i vestleg kultur sidan Aiskhylos.
II. «Austen er ikkje heilt Aust»: Oppheving av binæren
لا الشرقُ شرقٌ تماماً ولا الغربُ غربٌ تماماً
لأن الهويّةَ مفتوحةٌ للتعدُّد
لا قلعةً أو خنادقَ
Austen er ikkje heilt Aust, og Vesten er ikkje heilt Vest, for identiteten er open for mangfald: ikkje ei festning eller vollgraver.
Al-Azm (2000) påpeikte allereie i 1981 at Said, ved å postulere ein grunnleggjande forskjell mellom «Vesten» og «Orienten», risikerer å reprodusere den same dikotomien som orientalismen sjølv. Darwish sin Said avviser denne dikotomien fullstendig. Identitet er open, porøs, fleirfaldig.
III. Blodet som brot: Det materielle si inntrengning
دمٌ, ودمٌ، ودمٌ في بلادك
في اسمي وفي اسمك، في زهرة اللوز، في قشرة الموز
في لبن الطفل، في الضوء والظلّ
Blod, og blod, og blod i landet ditt: i mitt namn og i ditt namn, i mandelblomen, i bananskalet, i barnemelka, i lyset og skuggen…
Repetisjonen av «blod» (دم) fungerer som eit formelt brot i diktet. Det vakre, det metaforiske, det kulturelle blir avbrote av rå materialitet. Denne passasjen får ei smertelig aktualitet i lys av situasjonen i Gaza sidan oktober 2023. Den internasjonale domstolen (ICJ, 2024) har pålagt Israel å sikre humanitær hjelp, medan Amnesty International (2024) og Human Rights Watch (2024) har dokumentert det dei kallar folkemord. Per september 2025 har over 65 000 palestinarar mista livet, av desse minst 19 000 born (Srinivas et al., 2025).
IV. «Sodom sin krig mot folket i Babylon»
كان يقاوم حَرْبَ سَدُومَ على أهل بابل والسرطان معاً
Han kjempa mot Sodom sin krig mot folket i Babylon og kreften samstundes.
Amerika er Sodom; Irak er Babylon. Said døydde av leukemi medan han motsette seg invasjonen av Irak i 2003. Darwish nektar å skilje det personlege frå det politiske, det kroppslege frå det geopolitiske. Denna linja får forsterka relevans i 2025/2026 med Trump-administrasjonen si gjenoppliving av Monroe-doktrinen og bortføringa av Maduro (Kupchan, 2026).
V. Tenkjaren og poeten: Eit spenningsforhold
المُفَكَّرُ يكبَحُ سَرْدَ الروائيّ
والفيلسوف يُشَرِّحُ وَرْدَ المُغَنّي
Tenkjaren held attende forteljaren sitt narrativ, og filosofen dissekerer songaren si rose.
Dette er Darwish sin milde kritikk av Said, og implisitt av akademisk diskurs som sådan. Tenkjaren (Said som teoretikar) held attende forteljaren; filosofen dissekerer poeten si blome. Analyse drep det han analyserer.
VI. Det umoglege som politisk horisont
إن متُّ قبلك
أُوصيكَ بالمُستحيلْ
سألتُ: هل المُستحيلُ بَعيد؟
فقال: على بُعدِ جيلْ
Om eg døyr før deg / Gjev eg deg det umoglege i arv / Eg spurde: Er det umoglege langt unna? / Han svara: Ein generasjon unna.
(Darwish, 2003/2005, mi omsetjing)
Det umoglege er ein generasjon unna. Ikkje evig. Ikkje metafysisk. Ikkje innebygd i ei tidlaus kulturell disposisjon. Det umoglege er historisk situert. Det kan oppnåast gjennom politisk kamp, ikkje gjennom diskursanalyse.

Figur 12. Typografisk komposisjon av dei siste linjene i Tibaq: «Om eg døyr før deg / Gjev eg deg det umoglege i arv / Eg spurde: Er det umoglege langt unna? / Han svara: Ein generasjon unna.» Darwish sitt testamente til Said — og til oss. Kjelde: Eige illustrasjon.
13 VERKET SOM ARGUMENT: PALIMPSESTEN SI DOBLE LESING
Diktet er palimpsesten som kunstverket forsøkjer å realisere visuelt. Det held to register samstundes: overflatelaget (kulturelt) med sjølvets mangfald, metaforar, det estetiske som fridom, og djupnelaget (materielt) med blod, kreft, krig, snikskyttarar, monsteret av sanning, Sodom sin krig på Babylon.
Som Avanessian og Töpfer (2014) formulerer det: teikningane deira «do not aim to build a representational relationship between a pictorially correct understanding and a correlative conceptual thought» (s. 12). I staden skapar dei ein «occasion to think about thinking».
Avanessian (2015) si accelerationist-kritikk av akademia i Overwrite peikar mot det same problemet: den akademiske diskurskritikken risikerer å bli ein komfortabel posisjon som let dei faktiske maktstrukturane ligge uutfordra. Løysinga er ikkje meir raffinert tekstanalyse, men materiell intervensjon, det Avanessian og Hennig (2015) kallar ei poetikk som ikkje berre representerer, men produserer tid.
Når plata vert halden opp mot lyset, skjer noko spesielt: Prismene i folien bryt den svarte kalligrafien. Lyset som skin gjennom er ikkje det romantiske lyset frå eit illuminert manuskript, men det kalde, funksjonelle lyset som folien er laga for å prosessere. Darwish sine ord om eksil og identitet vert fysisk inskribert i det materielle substratet for vestleg bildeproduksjon. Men plasten bryr seg ikkje om orda. Ripene i plasten er like verkelege som poesien.
Forholdet er meir urovekkjande: dei eksisterer i parallelle verkelegheiter som knapt vedkjem kvarandre. Darwish formulerer spørsmålet som kunstverket stiller: «Er dette landet verkeleg velsigna, eller døypt i blod?» Snikskyttarane treff måla sine med utmerkt kvalitet. Diskursanalysen endrar ikkje kulens bane.

Figur 10. Verket som teoretisk modell (materialistisk stratigrafi). Betraktaren ser gjennom tre lag: diskurs/representasjon (poesi, kalligrafi, ideologi), industriell infrastruktur (medium, teknologi, prismefolie), og materiell basis (makt, økonomi, imperialisme). Determinansen går nedanfrå og opp. Kjelde: Eige illustrasjon.
14 KVA STÅR ATT AV SAID?
Denne kritikken betyr ikkje at Orientalism er utan verdi. Said sitt fyrste argument, at kolonialismen produserte sin legitimerande ideologi, er både gyldig og viktig. Orientalistiske representasjonar finst, og dei har fungert som rettferdiggjering for dominans.
Men Said sitt andre argument, at orientalismen er så djupt forankra i vestleg kultur at han i seg sjølv genererer kolonial aggresjon, må avvisast. Det er ikkje berre teoretisk problematisk; det er politisk demobiliserande. Den materialistiske tradisjonen tilbyr eit anna svar. Parenti (2010) oppsummerer:
In a word, empires do not just pursue ‘power for power’s sake.’ There are real and enormous material interests at stake, fortunes to be made many times over.
Desse interessene kan identifiserast, analyserast og motståast. Ikkje gjennom diskursanalyse, men gjennom politisk organisering, økonomisk motstand og solidaritet med dei som ber dei materielle kostnadene av imperiet.
Said visste eigentleg dette. Hans mest effektive arbeid, journalistikken hans, dei politiske intervensjonane hans for palestinarane, forlet det teoretiske apparatet frå Orientalism heilt og dokumenterte berre fakta: okkupasjonen, fordrivinga, undertrykkinga. Det var det som talde.
15 KONKLUSJON
Det umoglege, seier Darwish til Said, er ein generasjon unna. Men generasjonen målest ikkje i tekstar. Han målest i røyrleidningar og rørsler. I droneangrep over Gaza. I Maduro si kidnapping. I trugselen mot Grønland.
Denne artikkelen har ført tre hovudargument. For det fyrste: Said sitt Orientalism inneheld ein uløyseleg indre motseiing mellom eit materialistisk argument (orientalismen som konsekvens av kolonialismen) og eit idealistisk argument (orientalismen som årsak til kolonialismen), der det andre argumentet verken kan forklare imperialismens historiske mønster eller bestå den empiriske testen Parenti formulerer. For det andre: Darwish sitt Tibaq korrigerer implisitt denne motseiinga gjennom ein anti-essensialistisk og materialistisk poetikk som insisterer på at identitet er skaparverk, ikkje arv, og at det umoglege er historisk situert. For det tredje: kunstverket — palimpsesten av poesi på prismefolie — visualiserer denne kritikken ved å la infrastrukturen og diskursen eksistere side om side, synlege men uforeinlege.
Desse tre argumenta peikar samla mot ein konklusjon med konsekvensar utover den akademiske sfæren: den postkoloniale diskurskritikken, trass sine viktige bidrag til å synleggjere ideologiske representasjonar, risikerer å bli ein substitutt for den materialistiske analysen som trengs for å forstå — og motarbeide — imperialismens faktiske mekanismar. Prismefolien fragmenterer kalligrafien, men kalligrafien endrar ikkje prismefolien. Oljeleidningane ligg der dei ligg uavhengig av kva me skriv om dei.
Det er i dette gapet mellom diskurs og infrastruktur at både kunstverket og artikkelen situerer seg: ikkje for å fornekte diskursen si rolle, men for å insistere på at kritikk som ikkje konfronterer basis forblir overflate.

Figur 11. Røyndom, ikkje utanfor, språket: verket insisterer på at det materielle og det diskursive eksisterer samstundes utan å kansellere kvarandre. Trykkpressa som metafor: språket er alltid allereie materialisert. Kjelde: Eige illustrasjon.
REFERANSAR
ABC News. (2026, 6. januar). Trump’s ‘Donroe Doctrine’ seeks influence over Western Hemisphere citing old US policy. https://abcnews.com/Politics/trumps-donroe-doctrine-seeks-influence-western-hemisphere-citing/story?id=128926397
Ahmad, A. (1992). Orientalism and after: Ambivalence and metropolitan location in the work of Edward Said. I In theory: Classes, nations, literatures (s. 159–220). Verso.
Ahmad, A. (2000). Between orientalism and historicism. I A. L. Macfie (Red.), Orientalism: A reader (s. 285–297). Edinburgh University Press.
al-Azm, S. J. (2000). Orientalism and orientalism in reverse. I A. L. Macfie (Red.), Orientalism: A reader (s. 217–238). New York University Press.
Amnesty International. (2024). Israel’s genocide against Palestinians in Gaza. https://www.amnesty.org/en/documents/mde15/8668/2024/en/
Avanessian, A. (2015). Overwrite: Ethics of knowledge, poetics of existence. Sternberg Press.
Avanessian, A., & Hennig, A. (2015). Present tense: A poetics. Bloomsbury Academic.
Avanessian, A., & Töpfer, A. (2014). Speculative drawing: 2011–2014. Sternberg Press.
Buruma, I., & Margalit, A. (2004). Occidentalism: The West in the eyes of its enemies. Penguin Press.
Chibber, V. (2018). The dual legacy of Orientalism. I B. Abu-Manneh (Red.), After Said: Postcolonial literary studies in the twenty-first century (s. 37–52). Cambridge University Press.
Chibber, V. (2020). Orientalism and its afterlives. Catalyst, 4(3). https://catalyst-journal.com/2020/12/orientalism-and-its-afterlives
Chomsky, N. (2011, 1. september). The responsibility of intellectuals, redux. Boston Review. https://www.bostonreview.net/articles/noam-chomsky-responsibility-of-intellectuals-redux/
Chomsky, N., & Foucault, M. (2006). The Chomsky–Foucault debate: On human nature (F. Elders, Red.). The New Press.
Darwish, M. (2005). Antithesis [Tibaq] (G. El-Hage, Oms.). Journal of Arabic Literature, 36(1), 50–56.
Human Rights Watch. (2024, 19. desember). Israel: Starvation used as weapon of war in Gaza. https://www.hrw.org/news/2024/12/19/israel-starvation-used-weapon-war-gaza
International Association of Genocide Scholars. (2025). Resolution on Gaza. https://genocidescholars.org/wp-content/uploads/2025/08/IAGS-Resolution-on-Gaza-FINAL.pdf
International Court of Justice. (2024, 26. januar). Application of the Convention on the Prevention and Punishment of the Crime of Genocide in the Gaza Strip (South Africa v. Israel), Provisional Measures. https://www.icj-cij.org/case/192
Kupchan, C. A. (2026, 7. januar). Venezuela and beyond: Trump’s ‘America First’ rhetoric masks a neo-imperialist streak. Council on Foreign Relations. https://www.cfr.org/expert-brief/venezuela-and-beyond-trumps-america-first-rhetoric-masks-neo-imperialist-streak
Mackay, R., & Avanessian, A. (Red.). (2014). #Accelerate: The accelerationist reader. Urbanomic.
Parenti, M. (1995). Against empire. City Lights Books.
Parenti, M. (2010, februar). What do empires do? Voltaire Network. https://www.voltairenet.org/article165118.html
PBS NewsHour. (2026, 6. januar). How the Monroe Doctrine factors into the U.S. arrest of Venezuela’s Maduro. https://www.pbs.org/newshour/politics/how-the-monroe-doctrine-factors-into-the-u-s-arrest-of-venezuelas-maduro
Rahman, N. (2007). Poetry of politics and mourning: Mahmoud Darwish’s genre-transforming tribute to Edward W. Said. PMLA, 122(5), 1447–1462. https://doi.org/10.1632/pmla.2007.122.5.1447
Reuters. (2025, 20. februar). Timeline of Trump’s remarks on Palestinian displacement, Gaza takeover. https://www.reuters.com/world/middle-east/timeline-trumps-remarks-palestinian-displacement-gaza-takeover-2025-02-20/
Said, E. W. (1978). Orientalism. Pantheon Books.
Said, E. W. (1993). Culture and imperialism. Knopf.
Smith, D. M. (2023). Endless holocausts: Mass death in the history of the United States Empire. Monthly Review Press.
Srinivas, N., Vijay, D., Alakavuklar, O. N., Shymko, Y., Bohm, S., Van Laer, K., Alamgir, F., Al-Amoudi, I., Barros, M., & Mir Zulfiqar, G. (2025). Facing the facts of the Gaza genocide: Refusing complicity, organizing solidarity. Organization, 32(8), 1089–1102. https://doi.org/10.1177/13505084251384843
The White House. (2025, november). National Security Strategy of the United States of America. https://www.whitehouse.gov/wp-content/uploads/2025/12/2025-National-Security-Strategy.pdf